stryk alt
eg sa i fjor
gløym det
hald handa di hardt
kring hjarta mitt
klem det
trykk meg ut
i kretsløpa mine
ta meg til endes
av meg sjølve
til kvar stjerne
der ute
skjerp deg
ikkje bann til meg
kvifor kan du ikkje halde orden
eg kan ikkje stole på deg
du må høyre på oss
kvifor går du aldri og legg deg
kva gjer du eigentleg
i drivhuset
om kveldane